Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Finanstilsynet
  4. Rapportering frå utskrivarføretak ved Oslo Børs / Euronext Expand (Oslo Axess)(KRT-1003)

Rapportering frå utskrivarføretak ved Oslo Børs / Euronext Expand (Oslo Axess)(KRT-1003)

Når skal skjemaet brukast?

Frist for innlevering er 10.05.

Kven skal bruke skjemaet?

Det er norskregistrerte føretak ved Oslo Børs/Oslo Axess som skriv ut aksjar, obligasjonar og/eller eigenkapitalbevis, som skal svare på skjemaet. Merk at rapporteringsskjemaet ikkje skal sendast inn av obligasjonsutskrivarar som er nemnde i unntaksvedtaket i Forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskrifta) § 13-2 ledd to. Dei som er nemnde er: staten, Noregs bank, kommunar, fylkeskommunar, kommunale og fylkeskommunale føretak, samt interkommunale selskap.

For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du tilgangspakken Regnskap og økonomirapportering.

Du kan sjå kva tilgangar du har på sida for tilgangsstyring. Om du ikkje har tilgang, må du få nokon med rettar til å delegera det til deg.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Finanstilsynet skal føre kontroll med den finansielle rapporteringa til norskregistrerte føretak ved Oslo Børs/Oslo Axess som skriv ut aksjar, obligasjonar og/eller eigenkapitalbevis. Rapporteringa dannar grunnlag for den risikobaserte utveljinga av aktuelle tilsynsobjekt blant dei børsnoterte utstedarføretaka som rekneskapskontrollen omfattar.

Meir om skjemaet

Norskregistrerte føretak ved Oslo Børs/Oslo Axess som skriv ut aksjar, obligasjonar og/eller eigenkapitalbevis, skal svare på skjemaet.

Dersom føretaket er eit konsern eller ein del av eit konsern, skal konsernet leggjast til grunn for val av svaralternativ.