Søknad om løyve til fotografering, filmopptak eller opptak for radio eller fjernsyn under hovudforhandlingar i straffesaker skal så sant det er mogleg sendast retten før hovudforhandlinga byrjar. Søknaden skal angje formålet med fotograferinga eller opptaket og korleis fotograferinga eller opptaket er tenkt gjennomført under hovudforhandlinga. Søknaden leverer ein til domstolen som har straffesaka til behandling, og vert avgjord av denne domstolen.
Ingen krav til vedlegg.
LOV 1915-08-13 nr 05: Lov om domstolene § 131a første ledd første punkt og § 131a annet ledd.
Prosedyren er regulert i forskrift om fotografering, filmopptak og opptak for radio eller fjernsyn under hovudforhandling i straffesak. Søknad om løyve til fotografering, filmopptak eller opptak for radio eller fjernsyn under hovudforhandling i straffesak skal så vidt mogleg sendast retten før hovudforhandlinga begynner. Søknaden skal angje formålet med fotograferinga eller opptaket og korleis fotograferinga eller opptaket er tenkt gjennomført under hovudforhandlinga. Søknaden leverast til domstolen som har straffesaka til behandling, og avgjeres av denne domstol.
Før det treffast avgjerd om fotografering eller opptak under hovudforhandlinga, skal partane i saka blir gitt høve til å uttale seg. Dersom ein ønskjer fotografering eller opptak også av andre som deltar i saka, skal dessutan disse bli gitt høve til å uttale seg før retten eventuelt gjev løyve til slik fotografering eller opptak.
Retten kan sette nærare vilkår korleis fotograferinga eller opptaka skal foregå, og sørgar for at det skjer på ein forsvarleg måte innanfor rammane som er gitt.
Kriterium/vilkår:
Det er i utgangspunktet forboden å fotografere, ta opp film eller lydbandopptak under hovudforhandling i straffesak.
Dersom særlege grunnar taler for det, kan retten under hovudforhandlinga gjere unntak frå forbodet når det ikkje kan reknes å ha uheldig verknad for behandlinga av saka og heller ikkje andre omsyn talar avgjørande imot.
Merknader:
Det er i utgangspunktet forbode å fotografere, ta opp film- eller lydopptak for radio eller fjernsyn under forhandlingane i straffesaker.
Søknadsbehandlinga er ikkje gebyrbelagt, men anke/klage til høgare rettsinstans over eit eventuelt avslag er gebyrbelagt etter reglane i lov om rettsgebyr.