Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Innmelding, endring og avvikling av farleg stoff

Tenesta blir nytta av verksemder og privatpersonar som oppbevarer farleg stoff på ein eigedom eller i eit anlegg, eller som transporterer farleg stoff i røyrleidning.

 

Når skal skjemaet brukast?

Dersom ei verksemd eller ein privatperson oppbevarer farleg stoff i lik eller større mengde enn mengdegrensene i vedlegg 2 til forskrift om håndtering av farlig stoff, skal det meldast inn til DSB.

Kven skal bruke skjemaet?

Meldinga skal sendast inn av den som oppbevarer farleg stoff. Privatpersonar kan sende inn melding for eigedomar dei sjølv eig eller festar (er heimelshavar til). Dersom ein privatperson oppbevarer farleg stoff på til dømes leigd eigedom, må heimelshavaren anten sjølv melde inn dette, eller delegere retten til å melde inn farleg stoff på sin eigedom.

Delegering er skildra her. For å fylle ut og sende inn dette skjemaet for ei verksemd, treng du Altinn-rollaPatent, varemerke og design.

Du kan sjå kva roller du har for ei verksemd på denne sida. Om du ikkje har påkravd rolle, må du få nokon i verksemda som har denne rolla til å delegere den til deg.

Kvifor skal skjemaet brukast?
Forskrift 8. juni 2009 om håndtering av brannfarlig, reaksjonsfarlig og trykksatt stoff samt utstyr og anlegg som benyttes ved håndteringen § 12 stiller krav om at det blir sendt melding til DSB om oppbevaring av farleg stoff i mengde lik eller over mengdegrensene i vedlegg 2 til forskrifta.
Målet med kravet til innmelding er å skape ei oversikt over kvar det blir oppbevart større mengder farleg stoff. Informasjonen blir nytta i arbeidet med å førebyggje ulukker og i beredskapssituasjonar.
Meir om skjemaet

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utarbeidd ei detaljert rettleiing som gjev utfyllande informasjon om korleis skjemaet skal bli nytta korrekt. Du finn rettleiinga på denne sida.

Kontaktinformasjon

Telefon faglig brukerstotte: 33 41 25 00

Epost faglig brukerstotte: postmottak@dsb.no