Innmelding, endring og avvikling av farleg stoff
Tenesta blir nytta av verksemder og privatpersonar som oppbevarer farleg stoff på ein eigedom eller i eit anlegg, eller som transporterer farleg stoff i røyrleidning.
Når skal skjemaet brukast?
Dersom ei verksemd eller ein privatperson oppbevarer farleg stoff i lik eller større mengde enn mengdegrensene i vedlegg 2 til forskrift om håndtering av farlig stoff, skal det meldast inn til DSB.
Kven skal bruke skjemaet?
Meldinga skal sendast inn av den som oppbevarer farleg stoff. Privatpersonar kan sende inn melding for eigedomar dei sjølv eig eller festar (er heimelshavar til). Dersom ein privatperson oppbevarer farleg stoff på til dømes leigd eigedom, må heimelshavaren anten sjølv melde inn dette, eller gi fullmakt til å melde inn farleg stoff på sin eigedom.
For å bruke tenesta på vegne av andre treng du fullmakt til enten enkelttenesta eller tilgangpakken tenesta ligg i. Les meir på hjelpesidene.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Meir om skjemaet
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utarbeidd ei detaljert rettleiing som gjev utfyllande informasjon om korleis skjemaet skal bli nytta korrekt. Du finn rettleiinga på denne sida.
Kontaktinformasjon
Telefon faglig brukerstotte: 33 41 25 00
Epost faglig brukerstotte: postmottak@dsb.no
