Felles datakatalog

Felles datakatalog – data.norge.no er laga for å synleggjere kva data verksemder forvaltar, og kva dei kan dele med andre. Katalogen adresserer behovet for å oppdage, evaluere og få tilgang til data.

Om denne tenesta

Tenesta brukast når det er behov for å få tilgang til registrerings – og hausteløysinga til Felles datakatalog.

For å få tilgang, må du ha riktig rettigheit eller rolle i Altinn.

Enkeltrettigheit: «Felles datakatalog – alle kataloger – skrivetilgang», «Felles datakatalog – alle kataloger – lesetilgang» eller «Felles datakatalog – alle kataloger –  virksomhetsadministrator».


Rolle: Kommunale tenester

Tenesta krev innlogging med ID-porten (sikkerheitsnivå 3).

Viss du allereie har tilgang til ei teneste i den aktuelle verksemda i Altinn kan du be om tilgang til fleire. Dette er skildra her: https://www.altinn.no/nn/hjelp/profil/sporre-om-rettighet/slik-spor-du-om-tilgang/

Har du ikkje tilgang til ei teneste frå før, må du ta kontakt med nokon i verksemda som kan gi deg nødvendig rettigheit. I utgangspunktet er det dagleg leiar og leiaren i styret i verksemda di som kan gi deg ei av desse rettigheitene. Dei kan også ha gitt andre høve til å gi desse rettigheitane vidare. Vi tilrår å sjekka med næraste leiar først.

Åpne kontaktskjema