Samordna registermelding - registrering av nye og endring av eksisterande verksemder
Meldingar om foreiningar, eigarseksjonssameige og tingsrettsleg sameige må vere mottatt før 24. mai
24. mai stenger Samordna registermelding for desse organisasjonsformene. Meldingar som ikkje er signerte og sende inn før denne datoen, vil bli avviste.
2. juni opnar vi ei ny teneste for foreiningar, eigarseksjonssameige og tingsrettsleg sameige.
Her kan du registrere nye verksemder, som til dømes enkeltpersonføretak, foreiningar, aksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeføretak og stiftelsar. Dei aller fleste organisasjonsformene kan bruke denne tenesta.
Du kan òg endre registrerte opplysningar, eller oppløyse og slette verksemda.
Skal du starte eit enkeltpersonføretak? Er du godt førebudd på kva dette inneber?
Sjå oppstartsrettleiaren vår før du går i gang med registreringa.
Kven kan bruke tenesta?
Tenesta kan brukast av alle privatpersonar, men krev at du loggar inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).
Meir om tenesta
Denne tenesta kan du bruke for å melde opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, NAV Aa-registeret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftingsregisteret og Skattedirektoratet sitt register over skattytarar.
Skjemaet er berre tilgjengeleg på bokmål.
Signering
Når du skal signere meldinga, vil du motta ei signeringsoppgåve i innboksen din i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.
For å signere på vegner av ei verksemd, treng du tilgangspakken Starte, endre og avvikle verksemd. Om du ikkje har denne, må du få nokon i verksemda til å gi deg denne tilgangen.
Dei som kan gi tilgangen til å signere på vegner av ei verksemd er: Styreleiar, dagleg leiar, innehavar og deltakar.
Korleis gi fullmakt til tilgangspakkar?
Opplysninger som ikke kan meldes
Sjå avgrensingar/opplysningar som ikkje kan meldast elektronisk.
Personvern
Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00
