Samordna registermelding - registrering av nye og endring av eksisterande verksemder
Her kan du registrere nye verksemder, som til dømes enkeltpersonføretak, foreiningar, aksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeføretak og stiftelsar. Dei aller fleste organisasjonsformene kan bruke denne tenesta.
Du kan òg endre registrerte opplysningar, eller oppløyse og slette verksemda.
Skal du starte eit enkeltpersonføretak? Er du godt førebudd på kva dette inneber?
Sjå oppstartsrettleiaren vår før du går i gang med registreringa.
Tenesta kan brukast av alle privatpersonar, men krev at du loggar inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).
Denne tenesta kan du bruke for å melde opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, NAV Aa-registeret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftingsregisteret og Skattedirektoratet sitt register over skattytarar.
Skjemaet er berre tilgjengeleg på bokmål.
Signering
Når du skal signere meldinga, vil du motta ei signeringsoppgåve i meldingsboksen din i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.
For å signere på vegner av ei verksemd, treng du Altinn-rolla Signerar av Samordna registermelding. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon til å delegere rolla «Signerar av Samordna registermelding» til deg. Logg inn for å sjå kva roller du har.
Opplysninger som ikke kan meldes
Sjå avgrensingar/opplysningar som ikkje kan meldast elektronisk.
Personvern
Trenger du hjelp?
Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 00