Denne tenesta er for deg som skal registrere eller oppdatere kven som er reelle rettshavarar i verksemda.

Start teneste

Om denne tenesta

Alle registreringspliktige verksemder skal registrere om dei har reelle rettshavarar eller ikkje.

Sjekk om verksemda di må registrere reelle rettshavarar

  • dagleg leiar
  • deltakar med delt ansvar
  • deltakar med fullt ansvar
  • forretningsførar
  • kontaktperson
  • kontaktperson for NUF
  • nestleiar
  • norsk representant for utanlandsk eining
  • styremedlem
  • styreleiar

Dersom du ikkje har tilgang til å fylle ut og sende inn skjemaet, må du få delegert enkelttenesta "registrering av reelle rettighetshavere".

Skal du også sjå vedtak etter du har sendt inn opplysningar i tenesta, må du få delegert enkelttenesta "lese reelle rettighetshavere". Det er også tilstrekkeleg med rolla "post/arkiv".

Her kan du lese meir om korleis verksemda tildeler rettar og roller i Altinn.

Alle registreringspliktige verksemder må registrere reelle rettshavarar seinast 14 dagar etter at verksemda er registrert i eit offentleg register.

Dersom verksemda får nye reelle rettshavarar eller det skjer andre endringar, skal registrerte opplysningar oppdaterast seinast innan 14 dagar.

  • fullt namn
  • fødselsnummer eller d-nummer
    • fødselsdato, dersom personen ikkje har fødselsnummer eller d-nummer
  • bustadland
  • alle statsborgarskap

Du må også legge inn om personen er reell rettshavar på grunn av eigarskap, stemmerett eller rett til å peike ut eller avsette styremedlemmer eller kontroll/innflytelse på annan måte. Om kontrollen er direkte, indirekte eller gjennom avtalar skal også registrerast.

Treng du hjelp?

Sjå meir informasjon på www.brreg.no/nn/reelle-rettshavarar.

Åpne kontaktskjema