Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Brønnøysundregistrene
  4. Registrere reelle rettshavarar

Registrere reelle rettshavarar (RRH-0100)

Denne tenesta er for deg som skal registrere eller oppdatere kven som er reelle rettshavarar i verksemda.

Før du startar denne tenesta, må du finne ut om verksemda har reelle rettshavarar eller ikkje, og kven dei eventuelt er. Sjølv om verksemda ikkje har reelle rettshavarar, må skjemaet framleis sendast inn.

Informasjon om kriteria for reelle rettshavarar.

Ver merksam på at det er forskjell mellom kriteria i Lov om reelle rettshavarar og kvitvaskingslova. 

Kven skal bruke tenesta?

Alle registreringspliktige verksemder skal registrere om dei har reelle rettshavarar eller ikkje.

Sjekk om verksemda di må registrere reelle rettshavarar

Kven kan fylle ut og sende inn skjemaet?

Rollene:

  • dagleg leiar
  • deltakar med delt ansvar
  • deltakar med fullt ansvar
  • forretningsførar
  • kontaktperson
  • kontaktperson for NUF
  • nestleiar
  • norsk representant for utanlandsk eining
  • styremedlem
  • styreleiar

Tilgangspakkene:

  • aksjar og eigarforhold
  • ansvarleg revisor
  • revisormedarbeidar
  • rekneskapsførar med signeringsrett
  • rekneskapsførar utan signeringsrett

Du kan også få tilgang gjennom enkelttenesta "registrering av reelle rettighetshavere"Da treng du i tillegg tilgansgspakka "ordinær post til verksemda» eller enkelttenesta "melding frå Register over reelle rettshavarar" for å sjå vedtak etter du har sendt inn opplysningar i tenesta.

Her kan du lese meir om korleis verksemda tildeler rettar og roller i Altinn.

Frist for registrering

Alle registreringspliktige verksemder må registrere reelle rettshavarar seinast 14 dagar etter at verksemda er registrert i eit offentleg register.

Dersom verksemda får nye reelle rettshavarar eller det skjer andre endringar, skal registrerte opplysningar oppdaterast seinast innan 14 dagar.

Kva opplysningar skal sendast inn?
  • fullt namn
  • fødselsnummer eller d-nummer
    • fødselsdato, dersom personen ikkje har fødselsnummer eller d-nummer
  • bustadland
  • alle statsborgarskap
  • organisasjonsnummer, om grunnlaget er indirekte

For dei med fødsels-/d-nummer blir fleire av dei personlege opplysningane henta frå Folkeregisteret. For desse personane skal du berre legge inn fødsels-/d-nummer og etternamn. 

Du må også legge inn om personen er reell rettshavar på grunn av eigarskap, stemmerett eller rett til å peike ut eller avsette styremedlemmer eller kontroll/innflytelse på annan måte. Om kontrollen er direkte, indirekte eller gjennom avtalar skal også registrerast.

Sjå meir informasjon på www.brreg.no/nn/reelle-rettshavarar.