Melding om arbeid med asbest eller asbesthaldig materiale
Verksemder med tillating til å arbeide med asbest skal kvar gong før dei begynner arbeidet sende ei melding til Arbeidstilsynet. Meldinga må sendast så tidleg som mogleg og seinast éi veke før arbeidet begynner.
Sjå send melding om arbeid med asbest (arbeidstilsynet.no) for rettleiing til utfylling av skjemaet.
Alle verksemder som har tillating til å arbeide med asbest og asbesthaldige materiale skal sende inn dette skjemaet kvar gong før dei begynner eit asbestarbeid.
I akutte situasjonar, som for eksempel brot på asbesthaldige vassleidningar, kan verksemda gjennomføre arbeidet og så sende inn skjemaet så snart som praktisk mogleg.
I meldinga skal de gi informasjon om
- kvar de skal arbeide med asbest
- når de skal gjere arbeidet
- kva materiale de skal handtere
- kva arbeid de skal gjere
- talet på arbeidstakarar som skal gjere arbeidet
- kva tiltak de har for å avgrense arbeidstakarane si eksponering for asbest
- Kva tiltak de har for å forhindre forureining
I tillegg skal de bekrefte at arbeidstakarane har hatt opplæring.
De skal sende inn melding om arbeid med asbest fordi Arbeidstilsynet skal kunne vurdere om arbeidet er planlagt etter regelverket før de startar.
Det er berre arbeidstakarar med spesiell opplæring som kan arbeide med asbest eller asbesthaldig materiale.
Treng du hjelp?
Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:
Meir informasjon:
