Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Arbeidstilsynet
  4. Melding om arbeid med asbest eller asbesthaldig materiale

Melding om arbeid med asbest eller asbesthaldig materiale

Verksemder med tillating til å arbeide med asbest skal kvar gong før dei begynner arbeidet sende ei melding til Arbeidstilsynet. Meldinga må sendast så tidleg som mogleg og seinast éi veke før arbeidet begynner.

Rettleiing

Sjå send melding om arbeid med asbest (arbeidstilsynet.no) for rettleiing til utfylling av skjemaet.

Kven skal bruke skjemaet?

Alle verksemder som har tillating til å arbeide med asbest og asbesthaldige materiale skal sende inn dette skjemaet kvar gong før dei begynner eit asbestarbeid.

I akutte situasjonar, som for eksempel brot på asbesthaldige vassleidningar, kan verksemda gjennomføre arbeidet og så sende inn skjemaet så snart som praktisk mogleg.

Tilgang til meldingsskjemaet

Tilgangspakkar

Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda dykkar, må ha rett fullmakt gjennom ein tilgangspakke i Altinn. For dette skjemaet må personen ha éin av følgande tilgangspakkar:

  • «Oppføring av bygg og anlegg»

  • «Starte, endre og avvikle virksomhet»

Les meir om dei nye tilgangspakkane i Altinn og korleis de gir fullmakter

Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda kan også ha tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. Denne enkelttenesta heiter:

  • «Melding om arbeid med asbest eller asbestholdig materiale»

Tilgang som enkeltteneste

I tillegg må de gi fullmakt til denne enkelttenesta for å kunne melde frå til Arbeidstilsynet om endringar:

  • «Endring i melding om arbeid med asbest eller asbestholdig materiale»

Les meir om korleis de gir fullmakt til enkelttenester

Kva skal du sende inn?

I meldinga skal de gi informasjon om

  • kvar de skal arbeide med asbest
  • når de skal gjere arbeidet
  • kva materiale de skal handtere
  • kva arbeid de skal gjere
  • talet på arbeidstakarar som skal gjere arbeidet
  • kva tiltak de har for å avgrense arbeidstakarane si eksponering for asbest
  • Kva tiltak de har for å forhindre forureining

I tillegg skal de bekrefte at arbeidstakarane har hatt opplæring.

Kvifor skal de bruke dette skjemaet?

De skal sende inn melding om arbeid med asbest fordi Arbeidstilsynet skal kunne vurdere om arbeidet er planlagt etter regelverket før de startar.

Meir om skjemaet

Det er berre arbeidstakarar med spesiell opplæring som kan arbeide med asbest eller asbesthaldig materiale.

Asbest (arbeidstilsynet.no)

Svartenesta til Arbeidstilsynet svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet.