Søk om tillating til å arbeide med asbest
Alle verksemder som skal arbeide med asbest eller asbesthaldig materiale, må søke om tillating til slikt arbeid frå Arbeidstilsynet.
Kven skal bruke skjemaet?
Alle verksemder som skal arbeide med asbest må ha tillating frå Arbeidstilsynet. Dette gjeld rivning, reparasjon vedlikehald og anna handtering av asbesthaldig materiale. Kravet gjeld også der det er mistanke om asbesthaldig materiale.
Tilgang til skjemaet
Tilgangspakkar
Sende inn skjema
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda dykkar, må ha rett fullmakt gjennom ein tilgangspakke i Altinn. For dette skjemaet må personen ha éin av følgande tilgangspakkar:
Fullmaktsområde Bygg, anlegg og eiedom: «Oppføring av bygg og anlegg»
Fullmaktsområde Forhold ved virksomheten: «Starte, endre og avvikle virksomhet»
Fullmaktsområde Andre tjenesteytende tjenester: «Tjenester NUF»
Motta post
For å få post frå oss må du ha følgjande tilgangspakke:
«Ordinær post til virksomheten»
Les meir om dei nye tilgangspakkane i Altinn og korleis de gir fullmakter
Personen som skal sende inn skjemaet for verksemda kan også ha tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste. Denne enkelttenesta heiter:
«Søknad om tillatelse til å arbeide med asbest og asbestholdig materiale»
Tilgang som enkeltteneste
I tillegg må de gi fullmakt til denne enkelttenesta for å kunne melde frå til Arbeidstilsynet om endringar:
«Melding om arbeid med asbest eller asbestholdig materiale»
«Endring i melding om arbeid med asbest eller asbestholdig materiale»
Meir om skjemaet
I tillegg til å søke om tillating for å arbeide med asbest må de også sende melding til Arbeidstilsynet før kvart asbestoppdrag (arbeidstilsynet.no).
Kva skal eg leggje ved?
Søknaden skal ha opplysningar om
erfaringa dykkar med arbeid med asbest frå tidlegare
kva type tillating de søker om
kva metodar de skal bruke
korleis de vil organisere og leie arbeidet
opplæring av arbeidstakarane (med opplasting av individuelle kursbevis)
at arbeidstakarane er funne skikka av lege til å arbeide med asbest etter ei helseundersøking
I tillegg må de legge ved instruks for arbeid med asbest. Instruksen må vere dekkande for den typen asbestarbeid de søker om tillating til. De må også legge ved eventuelle utsegner frå verneombod eller representant for dei tilsette, arbeidsmiljøutval og bedriftshelsetenesta.
Les meir om kva søknaden skal innehalde (arbeidstilsynet.no).