Trinn 1: Installer verksemdssertifikatet på datamaskina di

Korleis dette blir gjort, kan leverandør av sertifikatet vera behjelpeleg med (Commfides eller Buypass).

Trinn 2: Opprett ein verksemdsbrukar på Altinn.no

For å registrera ein verksemdsbrukar må du først lasta opp eit sertifikat. Du treng då ein cer-fil. Har du ikkje fått ho frå sertifikatleverandøren din kan du laga den sjølv, dersom sertifitkatet er installert på maskina. Sjå instruksjon for dette lengre ned.

For å kunna registrera og administrera sertifikat og brukarar må ein ha rolla Tilgangsstyring på verksemda. Administreringen blir gjort på Profil → Avanserte innstillingar → Registrer ny brukar med verksemdssertifikat.

For å oppretta brukar: trykk på Last opp sertifikat → vel cer-fila → trykk Neste. Deretter må du oppretta ein verksemdsbrukar ved å skriva inn ønskt brukarnamn og passord og trykk Lagre.

Slik lagar du ein cer-fil i Windows:

Trykk på startknappen → søk på: sertifikat → vel Administrer brukarsertifikat → vel Personleg → Sertifikater → høgreklikk på sertifikatet → trykk på Alle oppgåver → Eksporter → deretter bruker du standardvala i vegvisaren (neste) til du kjem til filnamn, vel eit namn på fila og lager ho ein stad der du finn han igjen.

Trinn 3: Verksemdsbrukar får delegert roller

Når verksemdsbrukaren er oppretta, kan dagleg leiar/styreleiar eller annan person med delegeringsrett for verksemda, delegera roller og rettar til verksemdsbrukaren(e).

Roller blir delegerte til brukarnamn frå menyen Profil → Andre med rettar til verksemda.


Åpne kontaktskjema