Din kontaktinformasjon i Altinn blir brukt for å sende deg varsel om skjema og tenester.

Denne kontaktinformasjonen blir brukt blant anna når etatane/kommunane ønskjer å varsle deg om ulike hendingar, foreksempel viss du har motteke eit brev i Altinn. Det er avsendar av meldinga som vel om det skal sendas ut varsel.

Du kan sjå om det er sendt ut varsel på sms/e-post ved å trykkja på meldinga du har i innboksen din og så trykkjer du på Aktivitetslogg.

Informasjonen som ligg under Din Kontaktinformasjon hentast frå kontakt- og reservasjonsregisteret. Du kan endre opplysningane dine her.


Åpne kontaktskjema