Varslingsadresse er e-postadresse og/eller mobilnummer der verksemda kan få varsel. Varsla blir sende uavhengig av om mottakar har rett til å sjå innhaldet. Det er avsendar av meldinga som avgjer om det skal sendast ut varsel.

Alle verksemder i Einingsregisteret har plikt til å melde minst ei varslingsadresse, jf. forskrift til enhetsregisterloven § 8a. Plikta omfattar ikkje undereiningar, men eigne varslingsadresser kan meldast for desse viss verksemda har behov for det.

Varslingsadressene er berre tilgjengeleg for offentlege myndigheiter. Verksemdene har framleis høve til å frivillig registrere e-postadresse og mobiltelefonnummer som skal vere offentleg tilgjengeleg i Einingsregisteret. Desse vil ikkje bli brukt som varslingsadresser.


Åpne kontaktskjema