Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Korleis laste ned ein oversikt over alle med tilganger?

Har du rolla Tilgangsstyring eller Hovudadministrator, kan du hente ned ei fil med oversikt over alle roller og rettar.

Fila kan du hente ved å gå til menypunktet Profil og Andre med rettar til verksemda. Vel Last ned til fil.

Det er ei zipfil som inneheld 2 csv-filer, som kan opnast i Excel. Den eine med oversikt over alle rettar og den andre med alle roller. Det er også mogleg å inkludere delegeringar til undereiningar. På organisasjonsformane kommune og fylke, viser den og delegeringar på organisasjonsledd og deira undereiningar.