Innboks
Innboks inneheld meldingar og skjema du har mottatt frå stat og kommune. Innboksen inneheld også dine påbegynte skjema.
Sjekk at du har valt riktig aktør, dette ser du oppe til høgre. I den blå sirkelen er det ein person hvis du har valt deg sjølv og ein bygning hvis du har valt verksemda. Undereiningar og sletta einingar finn du ved å trykke på Vis alle aktørar. Sjekk innboks, arkiv og sletta.
Dersom du veit tittelen på meldinga du leitar etter så kan du søkja i søkjefeltet.
For å gjera eit avansert søk, kan du trykkja på avansert i søkjefeltet. Når du er inne på avansert søk kan du avgrensa treffa på om du søkjer i innboks, arkiv eller sletta. Du kan også avgrensa søket på spesifikke statusar, eller for ein gitt periode.
For å komma til avansert søk dersom du er på mobil/nettbrett må du trykkja på forstørringsglaset, og deretter trykkja på plussteiknet ved Avgrens treffa.
Har du ein arkivreferanse kan du søkja opp denne under Status. (Dersom du søkjer etter meldingar med status Ulest, og nokre andre i organisasjonen har opna meldinga, vil du ikkje få treff)
Periodesøk kan vera nyttig dersom du har for mange element i innboksen, ved å til dømes avgrensa søket til siste 6 månader.
Ønskjer du å søkja opp meldingar for fleire aktørar samtidig, klikkar du på den blå sirkelen oppe i høgre hjørne, og Vis alle aktørar.
Ute på høgre side kan du velja Søk på fleire aktørar.
Her vil du få høve til å søkja på tvers av alle aktørar du kan representera.
Du kan avgrensa treffa på om du søkjer i innboks, arkiv eller sletta. Du kan også avgrensa søket på spesifikke statusar, eller for ein gitt periode. (Dersom du søkjer etter meldingar med status Ulest, og nokre andre i organisasjonen har opna meldinga, vil du ikkje få treff)
Dersom du trykkjer på aktør, kan du velja om du vil søkja blant ein eller fleire aktørar du har tilgang til, inkludert undereiningane du har tilgang til.
Etter du har gjort eit søk vil du også kunna lagra søka dine slik at du slepp å leggja inn søkjeinformasjonen kvar gong du ønskjer å gjera eit spesifikt søk.
Trykk på meldinga og trykk på Del og gi tilgang. Ein kan velja anten personar som står på lista eller legg til ny person.
Alle meldingar har ein aktivitetslogg. Når du trykk på ei melding du har i innboksen din vises Aktivitetslogg.
Den viser kven som har; oppretta, opna og signert ei melding. Du kan også sjå om det er sendt ut varsel på sms/e-post.
Det er avsendar av meldinga som vel om det skal sendast ut varsel.