Ofte stilte spørsmål om feriepengar
Spørsmål og svar om feriepengar
Når får eg utbetalt feriepengar?
Etter ferielova skal feriepengane utbetalast siste vanlege lønningsdag før ferien viss ikkje anna er avtalt. Viss ferien din er delt opp i fleire periodar eller dagar, skal feriepengane delast tilsvarande.
Veldig mange verksemder har avtale om at feriepengane blir utbetalte i ein bestemd månad, ofte i juni.Eg begynte i ny jobb 1. januar. Vi har utbetaling av feriepengar i juni. No hevdar arbeidsgivar at eg verken får lønn eller feriepengar i juni. Stemmer dette?
Ja, det stemmer. Ferie er ulønt fritid. Det er feriepengane som blei opptente i fjor, som skal dekkje lønna di mens du avviklar ferien.
I dette tilfellet er det feriepengane du opptente hos den tidlegare arbeidsgivaren, som dekker lønna mens du tar ferie dette året. Desse pengane fekk du anten utbetalt når du slutta hos den førre arbeidsgivaren, eller så vil du få dei frå førre arbeidsgivar no i juni.Dersom du ikkje var i jobb i fjor, har du uansett rett til å ta ferie, men altså ikkje rett til feriepengar.
Du finner svar på disse spørsmålene på Arbeidstilsynet:
Korleis kan eg finne ut kva eg får i feriepengar?
Eg var sjukmeld store deler av fjoråret. Påverkar dette retten til feriepengar?
Eg jobba berre deler av fjoråret, og har ikkje full opptening av feriepengar. Må eg avvikle full ferie?
Kan eg be arbeidsgivaren min utbetale meg feriepengar på forskot?
Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du lese om feriepengar på nettsida vår.