Endra prisopplysningsforskrift for å redusere matsvinn

Det blir no enklare å marknadsføre varer med kort haldbarheit og dermed redusere matsvinn.


Barne- og familidepartementet har etter endt høyring vedteke eit unntak frå prisopplysningsforskrifta paragraf 9a. Det gjer det mogleg å marknadsføre varer med kort haldbarheit utan krav til å informere om 30 dagars førpris.

– Eg er glad for at det no blir enklare å marknadsføre til dømes brød eller andre varer med kort haldbarheit, slik at desse ikkje ender med å gå til spille på grunn av unødig tungrodde reglar. Det vil kome forbrukarane til gode, og det vil redusere matsvinnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Kravet om 30 dagars-førpris gjer det nemleg vanskeleg å marknadsføre daglege prisnedsettingar for varer som kan bli dårlege eller gå ut på dato raskt, til dømes brødvarer med 50 prosent rabatt på slutten av dagen. No blir kravet for slike varer at førprisen er den lågaste prisen som er nytta umiddelbart før marknadsføringa starta.

Unntaket trer i kraft frå 1. januar 2025.

Les meir om saka her.

Kjelde: Pressemelding frå Barne- og familiedepartementet, 18.10.24

Åpne kontaktskjema