Verkemiddel og tilskot frå Agder fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for kvar enkelt tilskotsordning kan vera noko ulik.


Nokre av ordningane det kan søkjast tilskot til:

Agder Næringsselskap

Agder Næringsselskap er eit investeringsselskap, som går inn på eigarsida i små og mellomstore bedrifter i Agder. Formålet med selskapet er å fremja bedriftsetableringar og eksisterande næringsverksemd med sikte på å gi varige og lønnsame arbeidsplassar.

Regionalt forskingsfond Agder

Regionale forskingsfond Agder (RFF Agder) er eit av elleve regionale forskingsfond i Noreg. Ordninga er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og samarbeider tett med Noregs forskingsråd. RFF Agder skal mobilisera og kvalifisera kommunar og bedrifter til forskingsstøtta innovasjon i tråd med måla i Regionplan Agder 2030.

Regionalt næringsfond

Mange kommunar i Agder deltek i regionale næringsfond saman med fylkeskommunen. Formålet med desse næringsfonda er å fremja ny næringsverksemd, og vidareutvikla eksisterande bedrifter. Søknader blir behandla av næringsrådgivar i kommunen og blir koordinerte med Innovasjon Noreg.

Tilskot til normalladarar for reiselivsnæringa i Agder

Agder fylkeskommune lyser ut tilskot til ladeinfrastruktur for elbil i Agder for 2023. Ordninga er for reiselivsaktørar som vil setja opp normalladeboksar for besøkjande. Ladeoperatørar kan også søkja på vegner av aktørar i reiselivsnæringa.

Tilskot til regionalutvikling

Agder fylkeskommune forvaltar fleire næringsretta tilskotsordningar som skal bidra til å nå hovudmålet i Regionplan Agder 2030: Å utvikla Agder til ein miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig region i 2030 - eit attraktivt lågutsleppssamfunn med gode levekår.

Mål med dei næringsretta tilskotsordningane er:

  • Fleire vekstkraftige små og mellomstore bedrifter er etablerte.
  • Det er høgare sysselsetjingsvekst enn i landet elles, med fokus på nye potensiale for berekraftig verdiskaping.
  • Næringsstrukturen er meir variert og prega av godt samarbeid med akademia og offentleg sektor.
  • Verdiskaping er basert på berekraftig bruk av menneskelege ressursar og naturressursar.


Tilskotsmidlar til landbruket

Fylkeskommunen har eit delansvar for landbruksområdet. Som regional utviklingsaktør gir dette moglegheit for å setja landbruk på den næringspolitiske dagsordenen. Det er mogleg å søkja på tilskotsordningar som skal bidra til rekruttering og kompetanseheving for å vareta og styrkja verdiskapinga i landbruket, og ordningar som skal leggja til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrkja verdiskapinga i landbruket

Agder fylkeskommune om støtteordningar

Åpne kontaktskjema