Velferdsordningar:
- Tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Ordninga skal leggje til rette for at husdyrbruka skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av arbeidskraft som vert leigd inn.
- Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel. Gjeld tilskot til dekning av kostnadane til avløysing ved eigen eller barn sin sjukdom, svangerskap, fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking og ved dødsfall. Attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn kan få tilskot i etterkant av dødsfallet til bonden. Det vert stilt krav til næringsinntekta til bonden.
- Tidlegpensjon for jordbrukarar. Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år kan søkje tidlegpensjon. Det er ein føresetnad at landbrukseigedomen er overdregen til ny eigar, og ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.
- Landbruksvikarverksemd. Landbruksvikarar skal avløyse bøndene ved sjukdom og i krisesituasjonar. Avløysarlaga har ansvaret for at det er tilgjengeleg landbruksvikarar og bøndene må kontakte avløysarlaga ved behov for vikar.
Landbruksdirektoratet om tilskot til avløysing ved ferie og fritid
Landbruksdirektoratet om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel
Landbruksdirektoratet om tidlegpensjon til jordbrukarar
Landbruksdirektoratet om landbruksvikarverksemd