Miljøteknologiordninga gir tilskot til utvikling, pilot-testing og demonstrasjon av ny miljøteknologi. Produktet eller prosessen må vera innovativ og løysa eit vesentleg miljøproblem.
Det er store kostnader forbunde med å testa teknologi i full skala, og moglegheita for avkasting på miljøteknologiprosjekt er forbunden med risiko. Tilskot frå denne ordninga er eit supplement til anna finansiering av prosjektet, og andelen finansiering frå Innovasjon Noreg baserer seg på ei samla vurdering av bedrifta og prosjektet.
Ordninga er for norske bedrifter i heile landet som har eit innovasjonsprosjekt, der formålet er å utvikla eller vesentleg forbetra eit produkt, ein prosess eller ei teneste. Kjernen i prosjektet er forskings- og utviklingsaktivitetar.
Tilskotet rettar seg primært mot leverandørbedrifter som utviklar miljøteknologi for sal, men kan under gitte føresetnader også omfatta utvikling av løysingar til eige bruk.