Tilskotsordningar frå Sørnorsk filmsenter

Sørnorsk filmsenter forvaltar tilskot til utvikling og produksjon av audiovisuelle prosjekt, og film- og spelkulturelle tiltak frå Agder, Vestfold og Telemark. Senteret skal bidra til å utvikle ein levedyktig film- og spelbransje i regionen og støtte tiltak som fremmer kompetanse, nettverk og talentutvikling.


Kva kan du søke stønad til?

  • utvikling og produksjon av dokumentarfilm og fiksjonsfilm (Sjå eigne ordningar for dette på søkeportalen.)
  • prosjektutvikling lang fiksjon (frå 2025, kan bli søkt av AS)
  • utvikling av spel (idé fram til lansering)
  • film- og spelkulturelle tiltak (formidling og kompetansehevande tiltak)
  • reisestipend til deltaking på kurs, seminar og finansieringsfora og representasjon av audiovisuelle verk på festivalar (nasjonale og internasjonale). Det kan bli gitt stønad til deltakaravgift, reise og opphald, men ikkje diett.
  • talent- og mentorstipend til igangsetting av nye prosjekt


Det blir ikkje gitt tilskot til studentfilmar, produksjonar der nøkkelpersonar er studentar eller skoleelevar, postproduksjon, lansering av film, reklame- eller oppdragsfilm eller til ordinær drift av festivalar og cinematek.

Kven kan søke?

  • Søkar til utvikling og produksjon må vere eit uavhengig audiovisuelt produksjonsføretak registrert i Føretaksregisteret eller Einingsregisteret, med næringskode 59.10, 59.11 eller 59.12.
  • Enkeltpersonar kan søke, men må ha eige føretak og relevant utdanning på bachelornivå eller høgare, eller dokumentert yrkeserfaring frå den audiovisuelle bransjen. Det kan bli gjort unntak for tiltak retta mot barn og unge (talent og formidling).
  • Søkar må ha regional tilknyting til Agder, Vestfold og Telemark eller Kristiansand kommune, enten gjennom adresse og kontor i regionen eller ved at nøkkelfunksjonar er busette her. Prosjekt med sterk regional forankring blir prioriterte.

Tilskota skal bidra til likestilling og mangfald i film- og spelbransjen.

Sørnorsk filmsenter om tilskuddsordninger

Åpne kontaktskjema