Tilskotsordningar frå Nordnorsk Filmsenter

Føremålet med tilskotsordningane er å leggje til rette for filmproduksjon i Nord-Noreg innanfor områda utvikling og produksjon av kort- og dokumentarfilm, og bidra til kompetanseheving i filmmiljøet i Nordland, Troms og Finnmark.


Hovudmålgruppa for verksemda er den profesjonelle delen av filmbransjen i dei tre nordlegaste fylka. Nordnorsk Filmsenter har også eit ansvar for arbeid retta mot unge talent.

Tilskota skal over tid bidra til å oppnå målet om likestilling i filmbransjen.

Søknader kan ein sende på norsk eller samisk.

Hovudsakleg blir det gjeve følgjande typar av økonomiske tilskot:

Produksjonstilskot til kortfilm og dokumentarfilm
Dette er ei heil- eller delfinansiering av innspeling og ferdigstilling av eit prosjekt. Utgangspunktet er mottak av søknad med manuskript, prosjektbeskriving og ev. pilot.

Produksjonstilskot er for prosjekt som er ferdig tilverka fram til produksjonsavgjerd. Ein kortfilm er definert å ha visningstid under 60 minutt. Det er ingen tids- eller fotmatavgrensingar på dokumentarfilmar.

Produksjonstilskot kan berre søkjast av selskap registrert i kode 59.110 i Einingsregisteret i Brønnøysund.

Det er tre søknadsfristar for produksjonstilskot, 15. februar, 30. april og 15. oktober.

Utviklingstilskot til dokumentarfilm
Med utgangspunkt i manuskript eller prosjektbeskriving kan det gjevast tilskot til ei vidareutvikling av prosjektet fram til ei eventuell produksjonsavgjerd kan fattast. Utviklingstilskot kan gjevast prosjekt uavhengig av utviklingsstadium.

Ordninga er primært retta mot produsentar, men manusforfatterar og regissørar kan søkje om manuskriptutvikling.
Søknader vert handsama løpande. 

Utviklingstilskot til kortfilm
Det kan gjevast tilskot til utvikling av kortfilm og animasjonsfilm. For
kortfilm dreiar det seg oftast om små tilskot til utvikling av manuskript, til
animasjon kan det også søkjast om tilskot til utarbeiding av skisser og testar.
Søknader vert handsama løpande.

Utviklingstilskot til spel
Det kan gjevast tilskot til utvikling av spel retta mot barn og unge. Det kan søkast til utvikling i fleire stadium. Søkar må vera selskap registrert innanfor relevant område.
Søknader vert handsama løpande.

Springbrettfilm
Dette er eit produksjonstilskot retta mot ungdom mellom 18 og 30 år som er på veg inn i filmbransjen, t.d. etter end utdanning.
Søknader vert handsama løpande.

Distribusjonstilskot
Tilskotet kan gjevast til produksjonar som har fått produksjonstilskot frå Nordnorsk Filmsenter og som skal lanserast. Tilskotet blir gitt til produsenten og er retta mot filmar som har ein spesifikk og gjerne utradisjonell lanseringstrategi.

Reisetilskot og stipend
Reisetilskot skal dekkje deltakaravgift, reise og opphald til kurs og kompetansehevande tiltak på nasjonalt og internasjonalt plan. Søknader vert handsama løpande. Ev. støtte til festivaldeltaking blir gjeven i første rekkje til produsentar og regissørar av filmar som er plukka ut til festivalar.

Mentortilskot
Her kan ein søkje tilskot for å skaffe seg ein mentor innan eit spesielt fagområde. Søknader frå produsentar og klipparar vert prioriterte, men andre fagfunksjonar kan også søkje.

Kompetansehevande tiltak
Nordnorsk Filmsenter gjev tilskot til kompetansehevande tiltak for den profesjonelle delen av bransjen, gjennom eigne kurs og verkstadar.
Søknader vert handsama løpande.

Tilskot til tiltak for unge talent
Tilskot kan søkjast av personar og organisasjonar som driv arbeid retta mot utvikling av filmtalent i Nord-Noreg.

Tilskot til filmkulturelle tiltak
Tilskotet skal bidra til breidde og kvalitet i filmtilbodet for vaksne og barn, og kan gjevast til arrangement og visning, til dømes filmfestivalar. Nordnorsk Filmsenter kan gi tilskot til arrangement i Nord-Noreg og på Svalbard i samsvar med forskriftas § 4.


Det vert ikkje gjeve tilskot til spelefilmar, drama-seriar for TV, oppdragsfilmar, reklamefilmar, musikkvideoar eller filmar som er ein del av ei utdanning.

Nordnorsk Filmsenter om tilskuddsordninger

Åpne kontaktskjema