Tilskotsordningar for drama og dramaseriar

Norsk filminstitutt gir tilskot til utvikling, produksjon og lansering dramaseriar.


For dramaseriar finst følgjande tilskotsordningar:

Produksjon

Neo produksjon

Neo produksjon er ei tilskotsordning for manifesterte talent som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, drama eller hybrid. Ordninga rettar seg mot regissørar og serieskaparar som saman med produsenten sin har vore gjennom ein utviklingsfase og som nå er klare for å gå i produksjon med ein lågbudsjettsproduksjon.

Produksjon 2

Produsentar av prosjekt som allereie har fått produksjonstilskot, og som har fått eller vil få konkrete ekstrakostnader relatert til Covid-19 kan søke om tilskot. Tilskotsordninga gjeld alle format, det vil seie kortfilm, spelefilm, dokumentarfilm og dramaseriar.

Produksjon av dramaserie etter konsulentvurdering

Du som produsent av norske dramaseriar kan søke tilskot til å skape nye dramaseriar innanfor alle sjangrar og for alle målgrupper. Ordninga skal bidra til å bringe fram norske dramaseriar av høg kvalitet som både underheld, set dagsorden og utfordrar.

Samproduksjon av dramaserie med utanlandsk hovudprodusent

Du som norsk dramaserieprodusent og som ønsker å samprodusere med utanlandsk hovudprodusent kan søke tilskot til samproduksjon av dramaseriar etter konsulentvurdering. Serien må ha ein vesentleg norsk kreativ del. Ordninga skal bidra til å auka moglegheitene i norske dramaseriar for internasjonal ļ¬nansiering, til å nå nytt publikum i andre land og stimulere til profesjonalisering av bransjen gjennom auka internasjonalt samarbeid.

Utvikling

Manusutvikling fiksjon

Du som profesjonell manusforfattarar eller skrivande regissør kan søke tilskot til manusutvikling av fiksjonshistorier for spelefilm og dramaseriar. Ordninga skal sikre norsk film tilgang til originale, relevante og engasjerande historier med solid forankring i skaparleddet.

Neo utvikling

Neo utvikling er ei tilskotsordning for manifesterte talent som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, drama eller hybrid. Ordninga rettar seg mot regissørar og serieskaparar som har relevant utdanning eller erfaring, og som gjennom tidlegare verk har fått manifestert eit talent – og som nå ønsker å utvikle sitt første eller andre prosjekt i langt format i samarbeid med produsenten sin.

Utvikling av dramaserie etter konsulentvurdering

Du som produsent av norsk dramaserie kan søke tilskot til å utvikle dramaseriar innan alle sjangrar og for alle målgrupper. Ordninga skal bidra til å bringe fram nyskapande dramaseriar av høg kunstnarisk kvalitet og stor kulturell og samfunnsmessig verdi, som både utfordrar, underheld og skaper kultur- og samfunnsdebatt i Noreg og utlandet.

Utvikling av dramaserie etter marknadsvurdering

Du som produsent av norsk dramaserie kan søke tilskot til utvikling av dramaseriar etter marknadsvurdering. Ordninga skal bidra til at norske produsentar kan gjennomføre eit utviklingsarbeid ut over det visningsplattformene åleine kan finansiere, og med ei grad av føreseielegheit som gir bransjen handlingsrom.

Norsk filminstitutt om tilskotsordningar

Åpne kontaktskjema