Tilskot til nasjonale kulturbygg

Tilskota til nasjonale kulturbygg skal bidra til bygningar og lokale for institusjonar og tiltak som har ei nasjonal oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelsfunksjon.


Byggeprosjekta skal dekkje behovet for forsvarleg areal, auka funksjonalitet, og/eller auka tryggleik gjennom planlegging, ombygging og/eller nybygg. Bygningane skal ha høg arkitektonisk kvalitet.

I behandlinga av søknader om tilskot blir det kravt utgreiing om korleis tiltaket ivaretek føremåla, det kulturfaglege grunnlaget for byggeprosjektet, samarbeidet med andre institusjonar som ivaretek føremålet og eventuelle aktivitetar ut over hovudføremålet.

Hovudregelen er at den statlege finansieringa ikkje skal overstige 1/3 av det offentlege tilskotet.

Søknader om tilskot skal gjere greie for eigaransvar og driftsfinansiering. Nye institusjonar skal i tillegg gjere greie for styring og organisering. Gjennomførings- og fullfinansieringsansvaret skal vere dokumentert. Organiseringa av byggherrefunksjonen blir vurdert i kvart einskild tilfelle.

Kultur- og likestillingsdepartementet om tilskot til nasjonale kulturbygg

Åpne kontaktskjema