Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. Tilskot til marknad og festivalar

Tilskot til marknad og festivalar

Tilskot til marknad og festivalar frå Kreativ Europa MEDIA omfattar tre ordningar: Festivalar, marknad og nettverksbygging og nettverk av europeiske festivalar.

Festivalar

Festivalar med ein høg del europeiske audiovisuelle verk på programmet, kan søke tilskot til gjennomføring. Arrangørar av festivalar for audiovisuelle verk i land som er etablerte i eit land som er medlem av MEDIA-programmet og som held festivalen i eit MEDIA-land, kan søke. Arrangøren må ha arrangert minimum 3 utgåver av festivalen tidlegare.

Marknad og nettverksbygging

Støtte til fysiske/digitale/hybride marknader og forum, og dessutan nettverksbyggande aktivitetar som fremmar samproduksjon, finansiering, sal og distribusjon av europeiske verk på tvers av landegrensene. Ordninga er open for einingar (private selskap, non-profit organisasjonar, foreiningar, stiftelsar etc.) som er etablerte i, og eigde av innbyggarar frå land som deltar i MEDIA-programmet. 

Nettverk av europeiske festivalar

Fleire festivalar som viser europeisk film/audiovisuelle verk kan gå saman og søke om tilskot til koordinerte/felles aktivitetar, som felles arrangement, samarbeidsprosjekt, kompetanse/erfaringsutveksling og tilskot til festivalar. Eit festivalnettverk må bestå av ein koordinator pluss minst 3 medlemsorganisasjonar. 50% av programmeringa til festivalane i nettverket må vere ikkje-nasjonale europeiske filmar, frå minst 15 ulike land som deltek i MEDIA-programmet, inkludert lågkapasitetsland. Maks 20% av festivalane i nettverket kan komma frå same land.