Innovasjonskontraktar gir tilskot til leverandørbedrifter som har eit innovasjonsprosjekt i eit forpliktande samarbeid med ein pilotkunde.
Målgruppa er innovative bedrifter med internasjonalt vekstpotensial, som har ambisjonar om å styrkje bedrifta si konkurransekraft og posisjonere seg for internasjonale marknader. Gjennomføring av eit innovasjonsprosjekt er sett på som nødvendig for å nå denne ambisjonen.
Hovudmålgruppa er små og mellomstore bedrifter, men unntaksvis kan også store bedrifter få tilskot.
Tilskotet skal vera ei risikoavlasting til innovative prosjekt med internasjonalt potensial. Det føreset at innovasjonsprosjektet er
knytt til stor marknads- og/eller prosjektrisiko. Kjernen i ein innovasjonskontrakt er utvikling i tett samarbeid med marknaden og pilotkunden, for å kommersialisera ei ny løysing, og få til skalering og vekst.
Innovasjonsprosjektet har til hensikt å utvikla eller vesentleg forbetra eit nytt produkt, ny prosess eller ny teneste. Det er altså ein føresetnad at det ikkje finst liknande løysingar tilgjengeleg frå før.
Prosjekt som berre rettar seg mot behov hos éin kunde, og som blir rekna som ein leveranse til pilotkunden framfor eit samarbeidsprosjekt, blir ikkje prioriterte. Rettane for løysinga skal tilhøyra leverandørbedrifta, og søkjar må ha ein plan for framtidig sal til nye kundar utover pilotkunden.