Tilskot til filmkunnskap

Støtteordninga skal stimulere til auka filminteresse og filmkunnskap hos barn og ungdom.


Kva kan det søkjast støtte til?

  • Prosjekt med mål om å lage ein kuratert katalog av europeiske filmar for målgruppa 11 – 18 år.
  • Katalogen skal ha tilrettelagd pedagogisk materiale som skal gjerast tilgjengeleg for skular og utdanningsinstitusjonar i Europa.
  • Katalogen må ha minst 7 filmar som vert rekna for å ha ein sentral plass i europeisk filmhistorie og som er eigna til bruk i undervisninga.
  • Rettane må klarerast for ein periode på minst 3 år, og filmane skal vere tilgjengelege for alle land som tek del i MEDIA-programmet.

Kven kan søkje?

Eit konsortium må bestå av minst tre partnarar, frå tre ulike land og som har ulike språk. Partnarane kan ha ulik selskapsform; firma, organisasjonar, institusjonar, non-profit selskap, stiftingar og liknande.

Kreativt Europa om filmkunnskap

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Kreativt Europa

Åpne kontaktskjema