Tilskot til distribusjon

Tilskot til distribusjon frå Kreativt Europa MEDIA omfattar fem ordningar: Europeisk filmdistribusjon, filmar over grenser, nettverk for strøymetenester, kinonettverk og salsagentar.


Desse ordningane er ein del av Kreativt Europa MEDIA-programmet. 

Distribusjon av europeiske filmar på tvers av landegrensene er eit satsingsområde i MEDIA-programmet.

Europeisk filmdistribusjon

Tilskot til distribusjon av nyare ikkje-nasjonal europeisk film med marknadspotensiale. Tilskotsordninga er open for europeiske distributørar som har som hovudfokus å distribuera film på kino.

Filmar over grensa

Norske distributørar kan i samarbeid med ein salsagent søke tilskot til lansering av europeisk film på kino og strøymetenester. Søkaren må vere ein europeisk salsagent som på vegne av minst 7 europeiske distributørar søker om støtte til lansering av ein og same film på kino og/eller strøymeteneste. Av dei 7 distributørane må minst 2 kome frå lågproduksjonsland (LLC gruppe A eller B).

Nettverk for strøymetenester

Strøymetenester som viser ein betydeleg del europeiske audiovisuelle verk kan søke tilskot til samarbeid og nettverksaktivitetar. Kven som kan søke: Eit konsortium beståande av minimum 2 strøymetenester/VOD-plattformer som er baserte i minst 2 land som deltek i MEDIA-programmet – eller alternativt éi strøymeteneste/VOD-plattform som tilbyr tenesta si i minimum 2 land som deltek i MEDIA-programmet. Strøymetenester som er knytte til TV-kanalar og internettleverandørar kan òg søkja.

Kinonettverk

Formålet med ordninga er å bidra til erfaringsutveksling og kunnskapsdeling mellom kinoane i nettverket, og for derigjennom å skapa auka kunnskap og interesse for europeisk film hos publikum, særleg hos barn og ungdom. Kven som kan søke: Eit organisert kinonettverk som representerer minst 400 uavhengige europeiske kinoar som er baserte i minst 20 land som deltek i MEDIA programmet. Kinoar som deltek i eit nettverk må òg oppfylla kriteria som er beskrivne i retningslinjene.

Salsagentar

Støtte til internasjonale salsagentar som distribuerer europeisk film. Kven som kan søke: Europeiske salsagentar som, etter avtale med eller på vegne av produsenten av filmen, spesialiserer seg i å utnytta det kommersielle potensialet av filmen gjennom å marknadsføre, selje og lisensiere film til distributørar og andre kjøparar i minst 10 land som er medlem av MEDIA-programmet.

Tilskot til kinonettverk

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Åpne kontaktskjema