Tilskot til crossover prosjekt

Støtte til nyskapande prosjekt som tek i bruk innovative løysingar og ny teknologi.


Formålet med tilskotsordninga er å støtte opp om nyskapande prosjekt i skjeringspunktet mellom ulike kunstuttrykk, som tek i bruk innovative løysingar og ny teknologi. Tilskotsordninga skal også støtte utviklinga av nye forretningsmodellar for finansiering, distribusjon og publikumsutvikling innan kulturelle og kreative næringar, medrekna den audiovisuelle sektoren.

Kven kan søkje?

Eit konsortium må bestå av minst tre partnarar som representerer ulike kreative sektorar, inklusive audiovisuell sektor. Partnarane i prosjektet må kome frå tre ulike land (som alle er medlem av MEDIA-programmet). Ein av partnarane er prosjektleiar og sender inn søknaden på vegner av alle partnarane.

Kreativt Europa om Crossover prosjekt

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Kreativt Europa

Åpne kontaktskjema