Tilskot etter klimaavhengige skadar

Du kan ha rett til tilskot dersom jord- og hagebruksføretaket ditt har hatt økonomiske tap i plante- og honningproduksjonen.


Det er eit vilkår at svikten er skulda klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Tilskotsordningane er:

  • Tilskot ved produksjonssvikt
  • Tilskot ved svikt i honningproduksjon

Berre tap som føretaket ikkje kan forsikre seg mot, blir dekte. Føretaket må drive fagleg forsvarleg, og førebyggje og avgrense skadane.

Oversikt over tilskotsordningar hos Landbruksdirektoratet

Åpne kontaktskjema