Nordisk Film & TV Fond fremjar nordisk film- og TV-produksjon av høg kvalitet ved å gje støtte i form av toppfinansiering til produksjon av spelefilm, tv-fiksjon/serie og kreativ dokumentarfilm.
Fondet fremjar sameleis som toppfinansiør distribusjon og versjonering av nordisk film i Norden og filmkulturelle tiltak av profesjonell nordisk interesse. Fondet vil også kunne initiere strategisk utviklingsstøtte til tverrnasjonale og gjerne tverrmediale tiltak. Fondet annonserer via heimesida når eit tiltak vert sett i gong.
Produksjonsstøtte
Produksjonsstønad kan berre søkjast av nordiske produksjonsselskap som er hovudprodusenten for prosjektet.
Søknaden må bli send inn før hovudopptak startar. For å kunne søke må minst 70 % av finansieringa vere stadfesta og det må vere garantiar for distribusjon i minimum 2 nordiske land.
Distribusjon
Nordiske distributørar av ikkje-nasjonale nordiske filmar kan søkje om VOD eller kino distribusjonsstøtte for ein enkeltfilm.
For å få støtte må dei enkelte filmane ha blitt godt mottekne heime eller ha eit stort publikumspotensial i målgruppa i eit eller fleire nordiske land.
Dubbing
Stønaden gjeld dubbing av nordiske filmar til andre nordiske språk, og at filmen må ha blitt godt mottatt i heimlandet eller ha eit betydeleg publikumspotensial i målgruppa i eitt eller fleire nordiske land. Det er berre nordiske produksjonsselskap eller distribusjonsselskap i det landet der filmen skal settast opp som kan søke stønad.
Bransjeinitiativ
Denne støtta kan bli gjevast til spesielle filmkulturelle initiativ i form av workshops, seminar eller festivalprogram som kan styrkje kompetansen i det fellesnordiske profesjonelle film- & TV-miljøet. Støtte kan berre søkjast av arrangøren for initiativet.