Stønad til nordisk kultur

Nordisk Kulturfond støttar prosjekt som, i kraft av kultursamarbeid, bidrar til ei positiv utvikling for kunst og kultur i og utanfor Norden.


Kva kan du søke stønad til? 

Prosjektstønad 

Nordisk Kulturfond deler ut prosjektstønad to gonger i året til nordiske kunst- og kulturprosjekt. For å kunne få prosjektstønad skal prosjektet ha eit kunstnarisk eller kulturelt innhald og karakter av samarbeid og utveksling. Prosjektet skal som utgangspunkt involvere fleire av dei nordiske landa – Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige, Færøyane, Grønland og Åland. Når fondet vurderer søknadar, er det dei vesentlegaste kriteria nordisk relevans og samarbeid og prosjekta sitt kunstnariske innhald og ambisjonar. 

Opstart 

Opstart er Nordisk Kulturfond sine investeringar i kunst- og kulturprosjekt si første fase. Opstart støttar felles utvikling av lovande prosjektidear, og kan derfor ikkje bli søkt til gjennomføring av allereie ferdigstøypa prosjekt. Det skal minimum inngå to nordiske land med ein ambisjon om å utvikle samarbeidet til fleire land. Det er løpande søkarfrist og ein kan maks søke om 25 000 DKK. 

Globus FORWARD 

Dette er eit stønadsprogram under Nordisk Kulturfond som rettar seg mot etablerte kunstnariske og kulturelle samarbeid med transnasjonal rekkevidde. Programmet har som mål å styrke langsiktig kapasitet og utvikling i sånne samarbeid, spesielt dei som allereie har bevega seg forbi oppstartsfasen og søker å vidareutvikle arbeidsformene sine i eit langsiktig perspektiv.  

Kven kan søke? 

Aktørar innanfor alle kunst- og kulturfelt kan søke om stønad hos Nordisk Kulturfond, så lenge prosjektet sitt innhald oppfyller fondet sine kriterium. Ein kan søke som individ, gruppe, organisasjon, institusjon, foreining eller verksemd. Søkar treng ikkje vere busett i Norden eller ha nordisk nasjonalitet. 

Nordisk Kulturfond om prosjektstøtte

Nordisk Kulturfond om støtteordningen Globus Opstart

Nordisk Kulturfond om støtteordningen Globus FORWARD

Søknadsportal Nordisk Kulturfond

Åpne kontaktskjema