Design og arkitektur Noreg (DOGA) gir økonomisk støtte til nyskapingsprosjekt med fokus på mangfald og inkludering.
Målet med designstøtta er innsikt og utvikling av brukarvennlege og inkluderande produkt, tenester og løysingar som bidreg til å nå eit større mangfald av menneske, og som gir verdi til merkevara og berekraftig gevinst. Kravet er bruk av profesjonell designkompetanse. Det kan òg søkjast om støtte til utvikling av inkluderande designstrategiar.
Alle verksemder, både private og offentlege kan søkja saman med ein valt profesjonell designpartnar. Designpartnar kan vera ekstern eller in-house.