Skogbruk
Landbruksdirektoratet er nasjonal fagmyndigheit på skogbruksområdet med hovudoppgåve å sette i verk skogpolitikken.
Desse ordningane er retta mot den enkelte skogeigaren:
Skogfondsordninga
Skogfondet er ei lovpålagt fondssparing for alle som eig skog. Skogfondet består av midlar som skogeigarane pliktar å sette av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Formålet med ordninga er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, og sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå, eller i annan skog som skogeigaren har. Alle skogeigarar skal ha sin eigen skogfondkonto. Pengane på skogfondkontoen følger skogeigedommen og tilhøyrer skogeigar.
- Skogfondsystemet: Tenesta gir skogeigaren oversikt over eigen skogfondkonto og moglegheit til å registrere kostnader som skal dekkjast med skogfond (refusjonskrav).
- Skogfond og tømmeravverking: Skogeigaren kan sjølv registrere ekstra avsetjing av skogfond og eventuelt småsal frå eigen skog.
Tilskotsordningar
- tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak
- tilskot til miljøtiltak i skog
- tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
- tilskot til skogkultur
- tilskot til skogdrift med taubane, hest og andre driftsmetodar
- tilskot til tettare skogplanting som klimatiltak
- tilskot til tømmerkai
- tilskot til vegbygging i skog
I alle saker må skogeigaren rette seg etter kommunen, som er skogbruksmyndigheit i første instans. Dette inneber at kommunen har ansvaret for å behandle saker etter skogbruksloven. Kommunen skal føre tilsyn med at reglane i loven blir overhaldne.