Siva næringshagar

Ein næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr bedrifter tenester som bedriftsrådgjeving, hjelp til utvikling av forretningsidear, marknadsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgåver til ein subsidiert kostnad.


Næringshagen skal vere ein aktiv tilbydar og tilretteleggjar av kompetanse, nettverk og infrastruktur, og vere ein attraktiv møteplass og samhandlingsarena for bedriftene. Ei viktig oppgåve for næringshagane er å kople bedriftene opp til relevante fagmiljø, FoU-miljø, andre innovasjonsselskap, investeringsmiljø og offentleg verkemiddelapparat.

Visjonen til næringshageprogrammet er å utvikle berekraftig og framtidsretta næringsliv i distrikta.

Hovudmålsettinga til næringshageprogrammet er å bidra til auka verdiskaping basert på regionale fortrinn, gjennom å legge til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige bedrifter.

Siva sine næringshageprogram er tiårige program. I januar 2023 starta ein ny tiårig programperiode. Berekraftig omstilling, digitalisering, vekst og auka eksport er sentrale stikkord i Siva sine nye program.

Siva om næringshageprogrammet

Åpne kontaktskjema