Siva næringshagar
Tilgang på kompetanse, råd, erfaringar, inspirasjon og nettverk gir viktige bidrag til at bedriftene kan realisere forretningsideane sine, styrke konkurransekrafta og vekse.
Næringshageprogrammet er eit distriktspolitisk verkemiddel. Med ein visjon om å "Utvikle berekraftig og framtidsretta næringsliv i distrikta" bidrar Siva med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til næringshagar over heile landet. Desse er innovasjonsselskap med privat aksjemajoritet, som saman med andre aktørar utgjer sterke innovasjonsmiljø. Næringshagen skal utvikle og tilby tenester til bedrifter for å bidra til vekst og omstilling av industri og næringsliv.
Næringshagane initierer og legg til rette for kompetanse- og nettverksaktivitetar, og tilbyr faglege tenester, rådgiving og verktøy for små og mellomstore bedrifter.