Ein inkubator er eit innovasjonsselskap, eller del av eit innovasjonsselskap. Desse skal bidra til etablering og utvikling av nye berekraftige vekstbedrifter og skape vekst i eit etablert næringsliv gjennom å tilby og tilgjengeleggjere rådgjeving innanfor forretningsutvikling og kommersialisering til ein subsidiert kostnad. Dei tilbyr eit fagleg og sosialt miljø der gründerar, bedrifter, akademia, FoU-miljø, investorar og andre vert kopla saman.
Dei tilbyr eit fagleg og sosialt miljø der gründerar, bedrifter, akademia, FoU-miljø, investorar og andre blir kopla saman.
Visjonen er å utvikle framtida sine berekraftige vekstbedrifter.
Hovudmålsettinga til inkubasjonsprogrammet er auka nasjonal verdiskaping gjennom effektivt å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye vekstbedrifter, og utløyse vekst i etablerte verksemder.
Siva sine inkubasjonsprogram er tiårige program. I januar 2023 starta ein ny, tiårig programperiode. Berekraftig omstilling, digitalisering, vekst og auka eksport er sentrale stikkord i Siva sine nye program.