Siva inkubatorar

Ein inkubator er eit innovasjonsselskap, eller del av eit innovasjonsselskap, som tilbyr gründerbedriftene og etablert næringsliv rådgiving innanfor forretningsutvikling og kommersialisering til ein subsidiert kostnad. Inkubatorane tilbyr også eit fagleg miljø og eit nettverk der bedriftene blir kopla saman med andre bedrifter, akademia, FoU-miljø og investorar knytte saman i en nasjonal Siva-struktur.


Inkubatorane hjelper potensielle vekstbedrifter i tidleg fase, slik at dei kjem seg raskare ut i marknaden. Erfarne forretningsrådgivarar hjelper gründerane med å ta kloke val og kome i kontakt med det rette samarbeidspartnarane, som for eksempel investorar, forskingsinstitusjonar, leverandørar og offentlege stønadsordningar.
Inkubatorane får tilgang til utdanningsprogram, kurs, nettverksarenaer, metodikk, malar og beste praksis for forretningsutvikling og kommersialisering.

Hovudmålet er å auke nasjonal verdiskaping ved å finne, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye vekstbedrifter og gi ny vekst i etablerte verksemder.

Siva om inkubator

Åpne kontaktskjema