Rembursgaranti

Rembursgaranti sikrar pengeoverføringa mellom bankene til kjøpar og eksportør. Garantien avlastar banken og indirekte eksportøren.


Remburs er ein bankgaranti for internasjonal handel der banken for kjøparen forpliktar seg til å betale for varen så lenge seljaren oppfyller vilkåra i kontrakten.

Eksportfinansiering Noreg sin garanti overfor banken gjeld for ein del av beløpet (kontragaranti).

  • Eksportfinansiering Noreg garanterer for den risikoen banken for eksportøren  har på banken for kjøparen ved eksport.
  • Eksportfinansiering Noreg sin garanti dekkjer ein del av det tapet banken måtte lide som følgje av at rembursbeløpet/det garanterte beløpet ikkje vert betalt av banken for kjøparen på forfallsdatoen.
  • Garantien kan dekkje inntil 50 prosent av risikoen for banken sin.

Eksportfinansiering Noreg fremjer norsk eksport ved å stille garantiar for lån og betalingar på vegner av den norske stat.

Eksportfinansiering Noreg om rembursgaranti

Åpne kontaktskjema