Reisestøtte for journalistar i Barentsregionen

Alle registrerte journalistar med base i norsk eller russisk del av Barentsregionen kan søkje om støtte til reportasjereiser i nabolandet sitt.


For å bidra til auka satsing på grenseoverskridande journalistikk i Barentsregionen har Barentssekretariatet oppretta ei reisestøtteordning for journalistar.
Det er ikkje krav om russisk eller norsk samarbeidspartnar, eller norsk statsborgarskap for å få tildelt støtte frå denne ordninga.

Søkjaren må oppgi kvar i Barentsregionen reportasjereisa går, og det må gjevast ei grov skisse over kva som er formålet med reportasjereisa.

Utgifter det kan søkjast om støtte til er:

  • Reiseutgifter
  • Overnatting
  • Leige av tolk
  • Konferanse-/kursutgifter

Hugs at for å utføre journalistisk arbeid i Russland må ein ha pressevisum, og ikkje minst må ein ha akkreditering. Eit planlagt samarbeid med medium i nabolandet vil vere ei styrkje for søknaden, men ingen føresetnad for å få støtte.

Barentsekretariatet om reisestøtte for journalister i Barentsregionen

Barentssekretariatets trinnvise søkeskole

Åpne kontaktskjema