Reisestøtte – scenekunst

Det overordna formålet med tilskotsordninga er å bidra til at profesjonelle scenekunstnarar og kulturaktørar får internasjonale moglegheiter. Reisestøtta skal bidra til at norske scenekunstnarar som vert inviterte til, og vert engasjerte i utlandet, vert sette i stand til å gjennomføre engasjement.


Senter for scenekunst Noreg (PAHN) administrerer Det Norske Utanriksdepartementet si reisestøtteordning for gjestespel frå norske kompani til utlandet Det er fire søknadsrundar i året.

Det kan hovudsakleg søkjast om økonomisk støtte til reiseutgifter (fly, tog, buss e.l.) og i nokre tilfelle utgifter til transport av utstyr/scenografi i forbindelse med eit engasjement i utlandet. 

Deltakinga må vere basert på invitasjon frå profesjonelle samarbeidspartnarar og invitasjonen skal leggjast ved søknaden. Reisestøtte kan i spesielle tilfelle også tildelast deltaking, i ei aktiv rolle, i faglege seminar og anna verksemd i utlandet som vert rekna å ha stor betydning for feltet. Tilskotsordninga gjeld alle genrar innan fri scenekunst.

Kven kan søkje?

Ordninga gjeld profesjonelle utøvarar innan scenekunstfeltet, det vil seie at dei i hovudsak lever av arbeidet sitt innanfor feltet. Søkaren må vere registrert med eit organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera.

Tilskotsmottakarar skal vere norske statsborgarar eller utanlandske statsborgarar busette i Noreg. Dersom berre nokre av deltakarane i eit prosjekt tilfredsstiller dette kravet, og det er ein betydeleg del som ikkje gjer det, skal det vektleggjast om prosjektet bidreg i vesentleg grad til fremje av norsk kulturliv. 

Senter for scenekunst Noreg (PAHN)

STIKK.no om stønad – scenekunst

Åpne kontaktskjema