Reindrift - tilskot til konfliktførebyggjande tiltak

Det kan ytast tilskot til konfliktførebyggjande tiltak i forholdet mellom reindrift og annan aktuell part, medrekna konfliktar mellom reindrift og landbruk elles, og konfliktar knytte til by og rein.


Hovudføremålet med dei konfliktførebyggjande tiltaka er å redusere konfliktane mellom reindrifta og landbruket elles. Der partane er einige om det, kan det gjevast tilskot til bygging av gjerde som vernar innmarksareal, kulturbeite, plantefelt og område det er bygd på, mot reinbeite. Under spesielle høve kan det gjevast tilskot til andre tiltak som kan verke konfliktdempande. Det er eit vilkår for tilskot til gjerde at dette vert halde ved like, og at det arealet som skal vernast, vert knytt til landbruksføremål og halde i hevd.

Statsforvaltaren i Sør-Trøndelag administrerer ordninga og kvalitetssikrar og prioriterer innkomne søknadar sett ut i frå føremålet med ordninga. Ordninga vert finansiert over Reindriftsavtalen og Jordbruksavtalen.

Forskrift om tilskot til konfliktførebyggjande tiltak i forholdet mellom reindrift og annan ramma part

Landbruksdirektoratet om reindrift

Åpne kontaktskjema