Reindrift - tidlegpensjon for reindriftsutøvarar

Tidlegpensjon skal bidra til å lette generasjonsovergangar i reindrifta for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå reindrift.


Ordninga skal vidare stimulere til at reintalet og sysselsetjingsstrukturen vert tilpassa ressurs- og inntektsgrunnlaget for næringa.

Det er eit krav for å oppnå tidlegpensjon at siidadelen er overdratt eller avvikla. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar, foreldre eller sysken til overdragaren.
For å ha krav på einbrukarpensjon må leiaren av siidadelen ha fylt 57 år. For å ha krav på tobrukarpensjon må i tillegg ektefellen/sambuaren ha fylt 57 år. Retten til tidlegpensjon fell bort ved fylte 67 år. Det vert vidare stilt krav til inntekt og varigheit i næringa. Tilskotsmottakar og ektefelle/ sambuar kan til saman ha maksimalt 30 rein.

Søknaden skal skrivast på fastsett skjema og sendast statsforvaltaren i det reinbeiteområdet søkjaren høyrer til.

Forskrift om tidligpensjon i reindriften

Landbruksdirektoratet om tidligpensjon for reindriftsutøvere

Åpne kontaktskjema