Kompensasjonsordninga skal bidra til å halde ved lag økonomisk og kulturell berekraft i reindrifta ved å hindre at reindriftsutøvarar vert påførte ekstraordinære kostnadar som følgje av reaktorulykka i Tsjernobyl. Ordninga gjeld for reinlag, reinbeitedistrikt og siidaar sør for Saltfjellet.
Økonomisk kompensasjon ved tiltak som gjeld radioaktivitet i reinkjøt kan ytast for framskunda slakt, fôringstiltak, ekstrakostnadar til anlegg, ekstrakostnadar til veterinærteneste, transport av rein til fôringsgjerde, brøyting av veg til fôringsgjerde og direkte kostnadar for førebuing til godkjend fôringstiltak, som det viser seg unødvendig å gjennomføre. Det skal normalt ikkje ytast kompensasjon for kassert reinkjøt. Statsforvaltaren kan likevel på visse vilkår godkjenne kompensasjon for kassert kjøt etter fastsette satsar.
Løpande søknadsfrist.