Gjennom Pilot Helse blir innovasjonsløp som kan bidra til berekraft i helse- og omsorgstenesta og verdiskaping i norsk næringsliv finansiert. Innovasjonsløpa skal vere baserte på behov hos pasientar, innbyggarar eller i dei offentlege helsetenestene.
Gjennom forpliktande samarbeid skal offentlege og private aktørar saman utvikle gode løysingar som når raskare ut til pasientar og innbyggarar. Samtidig skal vekstkrafta i nytt og eksisterande næringsliv bli styrka.
Pilot Helse er eit samarbeid mellom Forskningsrådet, dei regionale helseføretaka, Kommunesektorens organisasjon (KS), SIVA og Innovasjon Norge. Det er Forskningsrådet som lyser ut midlane.