Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Oppstartstilskot 2

Tilskotet rettar seg mot innovative oppstartsbedrifter som har eit krevjande teknologiløp framfor seg. Målet med denne fasen er å gjere tekniske og forretningsmessige avklaringar for å sjå om bedrifta sitt forslag til løysing kan danne grunnlag for ein lønnsam forretningsmodell.

Kven kan søke?

Bedrifter som:

  • er etablerte som aksjeselskap for mindre enn fem år sidan (ENK, ANS, DA mv. blir ikkje godkjente), Utanlandske søkarar må ha etablert eit AS eller norskregistrert utanlandske føretak (NUF) før første utbetaling.
  • er ei reell nyetablering. Oppstartsbedrifta kan vere eigd av eit holdingselskap eldre enn fem år, dersom holdingselskapet er eigd av gründerane sjølve og at det er snakk om ei reell nyetablering med føresetnader for og ambisjonar om å bli ei vekstbedrift. Da må eventuell stønad bli gitt som bagatellmessig stønad.
  • merk at dersom ein aksjonær eig mellom 25-50 % (partnar i SMB-definisjonen), må forretningsideen til sekskapet vere skilt frå den eventuelle aksjonæren si drift. Styreleiar og/eller dagleg leiar kan ikkje vere dei same personane og forretningsideen til det nye selskapet må vere vesentleg annleis.

Dotterselskap der 50 % eller meir, er eigd av etablert verksemd kvalifiserer ikkje.

  • Du har dessutan:
  • utvikla ei foreløpig løysing som representerer noko vesentleg nytt i marknaden og som kan hevde seg i internasjonal konkurranse
  • marknadsaksept: nokon eksterne som er villige til å ta risiko saman med deg i vidareutviklinga av produktet eller tenesta
  • eit krevjande teknologiutviklingsløp framfor deg, med ein solid IP-strategi og høg nyheitsverdi
  • testa løysinga på moglege kundar og kan stadfeste at problemet er verdt å løyse og at det finst betalingsvilje for løysinga
  • definert konkrete aktivitetar for å utvikle ein første versjon av løysinga og teste den vidare
  • god oversikt over konkurrentar og alternative løysingar og ei klar oppfatning av eigne konkurransefortrinn
  • eit team som kan vise til grunnleggande kjennskap til, erfaring frå eller forståing for marknaden de skal inn i
  • tilgjengeleg kapital for å gjennomføre denne fasen og eigenfinansiering skal som minimum tilsvare oppstartstilskotet.