Oppstartstilskot 1
Tilskotet rettar seg mot innovative oppstartsbedrifter som har eit krevjande teknologiutviklingsløp framfor seg, og skal avklare om det finst ein betalingsvillig marknad for forretningsideen. Forretningsideen må ha eit betydeleg marknadspotensial, både nasjonalt og internasjonalt.
Kven kan få Oppstartstilskot 1?
Bedrifter som:
- er yngre enn tre år (unntaksvis fem år)
- er etablerte som aksjeselskap før søknaden blir sendt (ENK, ANS, DA mv. blir ikkje godkjente). Utanlandske søkarar må ha etablert eit AS eller norskeregistrert utanlandsk føretak (NUF) før første utbetaling.
- er ein reell nyetablsering. Oppstartsbedrifta kan vere eigd av eit holdingselskap eldre enn fen år, dersom holdingselskapet er eigd av gründerane sjølve og det er snakk om ei reell nyetablering med føresetnader for og ambisjonar om å bli ei vekstbedrift. Da må eventuell stønad bli gitt som bagatellmessig stønad.
I tillegg bedrifter som har:
- definert eller utvikla ei foreløpig løysing som representerer noko vesentleg nytt i marknaden
- eit krevjande teknologiutviklingsløp framfor seg med god handtering av immaterielle verdiar og der teknologien har høg nyheitsverdi
- gjort marknadsananlyse og kan presentere data som gir grunnlag for å vurdere markannadspotensialet
- ei viss oversikt over konkurrentar og alternative løysingar og kan beskrive kva som er dine konkurransefortrinn
- eit kunde-, sals- og kommersialiseringsfokus og kan vise til ei foreløpig interesse frå potensielle kundar eller samarbeidspartnarar
- hypotesar eller minimumsløysingar som kan testast på moglege kundar eller brukarar for å lære
- ei klar målsetting med marknadsavklaringa og kan beskrive aktivitetane bedrifta vil gjennomføre i denne fasen
- grunnleggande kjennskap til, erfaring frå eller forståing for marknaden de skal inn i
- tydeleg uttalte vekstambisjonar og kan gjere greie for kva moglegheiter som eksisterer i forhold til å beskytte løysinga
- tilgjengeleg kapoital, menneskelege ressursar og kjernekompetanse som sannsynleggjer god gjennomføring av prosjektet