Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordninger
  4. Oppstartlån

Oppstartlån

Lånet rettar seg mot oppstartsbedrifter med vekstpotensial og kan finansiere organisasjonsutvikling og marknadsarbeid.

Lånet kan innvilgast to gonger, til saman maksimalt 2 millionar kroner.

Kven kan få oppstartlån?

Bedrifter som:

  • er etablerte som aksjeselskap (AS) eller norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) for mindre enn fem år sidan (ENK, ANS, DA mv. blir ikkje godkjente)
  • er ei reell nyetablering
    Du har dessutan:
  • stort vekstpotensial og realistiske ambisjonar om å satse internasjonalt
  • eit innovativt forretningskonsept (produkt/teneste/løysing)
  • eit solid team som har vist gjennomføringsevner så langt i bedriftsutviklinga
  • eit styre med minimum ein ekstern styremedlem som har relevant bakgrunn, som kan bidra til strategi og aktiv støtte på vesentlege områder (marknadsinnsikt, nettverk, kommersiell erfaring osv.)
  • ein truverdig strategi, forretningsmodell og budsjett for verksemda
  • tilgjengeleg kapital for å gjennomføre denne fasen og eigenfinansieringa skal som minimum tilsvare oppstartslånet

Kva kan oppstartslånet bli brukt til?

Lånet skal bli brukt til å forberede og gjennomføre den kommersielle lanseringa av løysinga. Det blir ikkje stilt krav til kva aktivitetar som skal gjennomførast, men du må ha truverdige planar for å realisere vekst og verdiskapingspotensial.Du må sannsynleggjere beteningsevner for renter etter to år og evne til å betene både avdrag og renter, og dermed nedbetale eit serielån, etter tre år.